send link to app

Norsk medisinsk ordbok app for iPhone and iPad


4.4 ( 5004 ratings )
Book Medical
Developer: Det Norske Samlaget
13.99 USD
Current version: 1.0, last update: 7 years ago
First release : 30 Jan 2013
App size: 3.05 Mb

Norsk medisinsk ordbok er den grundigaste og mest brukte medisinske ordboka på norsk. Ho har 25 500 oppslagsord henta frå alle spesialområde innan medisin og frå vanleg medisinsk arbeid.

Ordboka inneheld kortfatta og presise definisjonar av oppslagsorda.

Ordboka har med ord og uttrykk frå alle spesialområde innan medisin og frå vanleg medisinsk arbeid. Ord og uttrykk om helse og helsetenesta som ein ofte finn brukte i massemedia, er tekne med. Vidare er det komme inn oppslagsord frå tilliggjande fagspråk, som til dømes psykologi, sjukepleie og jus. Dei aller fleste oppslagsorda har også engelsk nemning.
Arbeidet med Norsk medisinsk ordbok blei starta av Audun Øyri, og den første utgåva kom i 1988. Den niande utgåva kom i 2011 og er utarbeidd av ei redaksjonsgruppe under leiing av Geir Sverre Braut.